Oppdatert: 26.09.23
Slaget i Kringom - 26 august, 1612

Kilde: Frå skotteåre - Ivar Kleiven, Lillehammer, 1935
Kort innledning

Teksten gir et fint bilde av folkelivet i Gudbrandsdalen på midten av 1600-tallet.
Handlingen finner sted ved Kringen nær Otta i Sel kommune.
Teksten er identisk med den opprinnelige.

Fyreord.

Ivar Kleiven let etter seg sume skrifter som det var meiningi han vilde gjeva ut. Desse hadde han testamentert til Vågå Historielag, som no har fått Gudbrandsdal Boklag (G. B.) til å gjeva dei ut.
Fyrst kjem no «Frå Skotteåre». Denne forteljingi er skrive ikring 25 år sidan og stod som kjellarforteljing i bladet «Bonden» i 1911 og 12.
Skriftet var soleis med og gav eit verdigt tilskot til 300-års-minnet um slaget ved Kringom 1612.
Forteljingi gjev eit framifrå bilæte av folkelivet den tid, og namnet Ivar Kleiven borgar for at skildringane er historisk pålitelege.
Rettskrivingi er gjenomførd slik ho stod i «Bonden».
Seinare skal G. B. gjeva ut «Elvesog» (I Heimegrendi II) som Kleiven hadde liggjande ferdig i manuskript.
«Heime og Ute», ei brevveksling millom Ivar Kleiven og bladstyrar Kristian Prestgard, Decorah, U. S. A. har G. B. teke til å prente.

Utgjevaren.


PillarguriSlage i Kringom

Somaren i 1612 var god, vêre var drivandes og onnine kom tidleg. Tord Hamar, som var einsleg å kalle, for med onnearbeide, dreiv på spreng seint og tidleg og spara ikkje kreftine. I næraste dagom fyre slåtten var han tvo vendur på Fron hjå futen Lars Gram på Steig — det galdt fyrst greie etter kvar einaste utreidsle som stod att og så verta innskrivin som leiglenning på «Kongsteigen», den jordloten av garden, som ein av mennom på Hamar langt atti tidom hadde vangla under krona, men likevel teki att bygselretten så den høyrde odelsjordi til.
Futen hadde såleis ikkje noko med bygsli og kunde ikkje krevja støvelhud, det var berre å godkjenne den nye leiglenningen. Tord hadde brev med frå far'n at han upplette garden og bygsli over Kongsteigen, og da futen tyktes sjå, at Tord var ein dugande kar, gjorde han ikkje noko motlegg, men skreiv han inn i boki si for brukar og leiglenning av Kongsteigen på Hamar. Endå futen ikkje hadde noko å krevja for denne innskrivingi, hadde Tord med seg ein tvoærings bukk som Lars Gram fekk og med tekknom tok imot.
Tord trudde no at alle vanskar med garden var greidde: men da han kom åt Steig den andre venda med nokre gamle brev, han gløymde den fyrste, hadde futen funni nokre underlege hakar det hekk i med Kongsteigen. Det stod i bend og treng både her og der og futen lagde det så ugreit ut, at Tord kunde ikkje få grunn i det. Men enden vart, at futen etter order frå «kongelig majestæt» gjennom lensherren på Akershus, ikkje kunde skrive Tord inn for leiglenning til full visse før på haust-tinge. Tord undra seg over dette, for det såg ut til, at futen hadde noko trått for å finne grunnar for denne utsetjingi.

Fjortan dagar etter visste dei ikkje orde av, før skrivaren, Moritz Jenssen, forutta noko versel kom på garden med 6 lagrettesmenn og skulde halde åbotstakst på husi, som høyrde Kongsteigen til. Mikkel Hamar stod på, at korkje fut eller skrivar hadde noko med å halde åbotsskjøn der i garden, da det til Kongsteigen gjennom alle tider ikkje hadde høyrt andre hus, enn ei liti gardlydu, som framleies var godt brukande. Han baud til å skaffe fram 6 skillige vitne, gamle og velvørde menn, på dette; men skrivaren sa, han hadde order fra «kongelig majestæts foget» og kunde ikkje no taka vitneprov der på staden -- han måtte fremje taksti etter pålegg, han. Med di tok dei skjøn på eine stova, eit stabur, fjøs og låve, og etterdi dei alle var svært åt-kome, vart åboti sett i 180 riksdaler. Um Tord vilde ha Kongsteigen i bruk, sa Moritz Jenssen, så måtte han reide desse pengane ut på tingborde andre tingdagen til hausten. Og med de slog han tingboki ihop så det small. Jau, det var ei god trøst for Tord som hadde gjevi ut siste heilpeningen av den arven Mikkel Hamar hadde gjøymt på til no.

Sidan sist hadde Tord ein einaste laurdagskveld fått råd med å vitja Astrid på sætri, Og just medsame var ulykka med så det heile kom i dagen —: før vika var endi hadde ei beinksamd sladdertunge gjevi Imbert Bolstad ein snek um det. Den neste gong Bolstad-kjeringi kom på sætri for å sjå på stelle og dråtten, var ho ikkje særs hugleg å få til gjest i huse. Ho hadde ikkje før skoti pusten og turka sveitten etter den kjeide sætervegen, før ho sa frå at ho hadde ikkje etla seg til å kaste den fyrste gifteferdige av dottrom sine burt i fillhaugane, lorten og armodi på Hamar — og ho sette foten kvasst og fast i auren, så ordi skulde vera å lite på au.
Astrid svara ikkje noko på dette; ho gret sårt og stilt og let mori drive på, for ho var lite talande med så uppost ho no var.
Det glatt utor mori at Agot Tolstad hadde vore på Bolstad i somar og slegi på giftarmål millom Anders og Astrid. Og her var det anna enn utsvelta jordveg, husløysi og svelt-ihel! Ner-Bjørnstad, ei halv hud i Kruke og 4 skinn i Mo, og dertil eit raust heimanfylgje! — det var no for å bruke vite ein hadde fått det av Vårherre, skulde ho tru.

Da Astrid høyrde dette, stadna gråten med eitt — ho gjekk kvasst fram til mori, som hadde sett seg ned på brisken, knytte nevane og såg mori fast i augo: «Nei, før går eg beinast på elvi, mor!» sa ho. Mari Bolstad svara ikkje — ho kjende att seg sjøl og hadde set at dotteri hadde ervt hennar eigein faste vilje. På den leidi var spele tapt, det såg ho, og så var det fulla klokast ikkje å ta dotteri for-kvasst på den hi leidi heller. Det vart ikkje snakka meir um dette millom mor og dotter um dagen.
Men da Lodin Lien bar Tord melding frå Astrid at mori var vond og far'n mest galen, hadde han nok med å halde mode uppe. Vonine var ikkje ljose og han tykte det heldt på drog seg ihop meir og meir til ein einaste tung, svart kave som stengde alle utsyn.
På Hamar var det onna av både burte og heime; høye var kome vel i hus og beste åkren på garden var komin i råd. Og etter slik bruknad som den på Hamar, var åre vorte etter vonom = dei vilde vera hugsottlause for føda til folk og fe.
slaget_i_kringen.gif - 287620 Bytes Just som han hadde sett upp siste kornråden og vilde gå heim til kveldvords, fekk han sjå Jon Tolstad kom springande. Guten ropte, bad han vente, og kom så med eit bodstikke, brend i endin og bunden attåt eit reip. «Det held på kjem fiend inn i dalen frå Romsdalen! — Dei brenner og rovar, herjar og stel og drep! Alle mann skal samlast på Romundgard, frå Lesja og Lom og alle bygdir!» «Skal bodstikka over på hi sida ?» spurde Tord. «Ja — frå heime går 3 mann av huse og tek over Åsen fyri midnatt,» sa Jon og snudde heimover.
Tord gjorde Lodin Lien, som var på Hamar i skurden, over elvi med bodstikka og bodi, sjøl lagde han nokre brødsleivar, eit stykkje av ein fenaknok og eit stykkje spekjeflesk i skreppa, tok odelsgevære og lodtye ned av veggen og var med di reide til å leggje iveg. Medan han fekk i seg kveldsmaten, fortalde han far og mor kva som no stod på. Mori vart ille ute og bar til å gråte og bera seg ille, men Tord meinte alle var skulduge å verja um eld og åre når fiend var komi i lande, «ja den er låk kar som smyg undan når bodstikka melder at faren er på hendom!» la Mikkel til, «gakk i Guds namn og ten konge og land som ein kar!»

På Bårstad sanka dei seg alle som kunde bera våpen, frå Snil-gardom, Bjørnstad-gardom, Bolstad, Tolstad og Hamar, dei var 12 mann i alt. Fem av dei hadde børsur med sprengjepann-lås, fire hadde stålbogar og tri kvar sitt bjønnespjut. Gudbrand Snile var sinnt: «Den helviten svensken! Er han no ute att, og det midt i skarpaste skurdonni!» sa han. Imbert Bolstad var heller ikkje i godlag og måtte gje Tord Hamar nokre fantord. «Sjå meg på spir, du!» sa han; «der kjem riddaren på Hamarshus tilfots og med ein skinnsekk lengstetter ryggen! Skulde du berre ikkje få illt over vombi, når det gjeld um å stå, kar!»
«Nei, godtfolk!» sa Gunnar Bårstad, «no kan det visst trengjast betre vi er vel sameinte, enn vi byrjar munnhoggast. Du fær minnast du er ein gamal mann, Imbert Bolstad, og det er utenkt å støyte dei unge, som orka mest, frå seg. Vi veit lite kva vi no har i ventom, godtfolk!»
Med di tok dei iveg og inn på stigen som gjekk over Tolstadåsen. Pa vegen var det mykje snakk um kva det kunde vera til fiend som var i kjømdi — han som kom over åsen frå Sell med bodstikka, hadde høyrt at dei var frå Skotland og skulde vera meire dyr enn folk — kriste-folk var dei ikkje. Ingen visste noko visst, men alle svor at fienden skulde få møtt uppi Rosti.
Dei var godt kjende på den ugreide gong-stigen over Tolstadåsen desse karane; men da dei nådde fram til Tjorsætri, vart myrkne så svart at dei såg ikkje fingrane, og dei nøyddest til å krupe inn i ei høylydu dei myrkaste nattetimane. Nokon blund på augo fekk ingen av deim, og straks dei kunde skilja stigen etter stinne morki, gjekk dei ned Åsbrekka og ned til Romundgard. Her låg det bod at alle skulde samle seg ved Rostbrui, for i Rosti skulde fienden fellast.
Ved morgonverds-leite er lalmingane framme ved Rostbrui, og her var alt lesjingane og døvrane på staden med den gjæve føraren sin, lensmannen Lars Hage. Det var han som hadde senda bodstikka ut til alle bygdir, og han stod no her som førar for mannskape. Og førar var han som skapt til au: staut på vokst, førlagd som ei kjempe og med eit mål som lyddest som ei malmklokke utover folkeskaren. Ein såg med det fyrste augekast at her var ein døl som ikkje gav seg så lengi det fannst livsvoni.
«Velkomne i lage til godt arbei, karar!» sa Lars Hage da lalmingane kom, «og dykk det same!» la han til da umkring 50 mann frå Nordherrad, Finntryu og Sjårdalen kom etter med di same. «Dykk ha ikkje gjort døramili lang og heller ikkje forsove dykk, gode grannar frå Vågå — og her skal det fordømte satanspakke frå Skotland møte folk med hjerta i bringun! Her i Rosten skal dei ende ferdi si, um vi så skal liggje att her kvar ein av oss!» og Lars støytte stavøksi si i marki så det dunde.

Det kom etterhand nye flokkar: frå Heidalen, frå Skårvangen og Skogbygdi, Storrviks-roi, frå Breidebygden, og um eit par timar var dei umlag 150 mann. Alle med verju, kvar på si gjerd: børsur, stålbogar, bjønnespjut, gamle sverd, nyslipte stridsøksir, timbermanns-bilur og buløksir, smidjehamrar på lange skaft, store treklubbur, bjørkekavlar og kva dei kvar for seg hadde funni dei tyktes var verje i. Av børsur var det ikkje mange, ikkje eingong tiandekvar mann hadde det slage; for dei husgeværa kongen i 1609 pålagde fulle og halve garder å koste seg, var no medsende soldatom i krigen med Sverig.
Lars Hage støytte med øksi i brujærveden: «Her er ikkje tid til kvild, gode dølamenn! Her lyt kvar i arbeid — vi lyt leite oss ut eit lugumt stelle til å leggje steinveltur og timberlunnar vi løyper skottane ned med! Dei som bergast, gjer vi ende på med verjom våre, det skal ikkje sparast eit liv — ikkje eit einaste liv!» sa Lars Hage, og så fortalde han korleis skottane hadde røva og brendt og drepi på Lesja. «Innan soli går ned imorgon kveld har vi dei her, og kvar mann er ansvarleg for kongen og Gud og si ære at dei enda ferda si her!» enda han, og det reint som lyste av det sterke døla-andlite hans.
Otta Så spurde han um det var nokon millom mannskape som hadde vore ute i krig eller gjort hertenest og vøri med i slag. Dei vilde no vera gode å ha til å føre serskilde flokkar og til å gjeva rettleiding, «den som har stått for lodd og krut, har røynt eitkvart som kan vera oss alle til gagn og koma vel med her,» sa lensmannen. «Her er tvo med som har gjort hertenest, Imbert Valle og Tord Hamar,» svara Gudbrand Bårstad, «Tord Hamar har ført tropp mot svenskom og vore med i fleire småslag.» Med di tok Lars med seg Tord og Imbert og nokre til og gjekk uppi lidi for å finne laglege stader å gjera lunnar og veltur — mea skulda dei andre halde seg ved Rostbrui.

Lensmannen og fylgje hans vart lenge burte, og da dei endeleg kom att, var dei ikkje samde korkje um det eine eller det andre. Tord Hamar sa beint ut at var det ikkje eit meire laglegt stelle høgre uppe i dalen, vilde han heller møte skottom på fri mark. Med tvo eller tri lunnar kunde dei kanhende gjera ende på 100 mann, og i det trongrymme der var i stinne skogen, fannst det ikkje tak for dølom å gå på. Skottane hadde kvar si dugande børse og kunde skjote ned kvar ein del dei fekk berr. «Når veltune er gått,» sa Tord, «kan vi gjerne taka til rymnings med di same. Og eg ottast dei ikkje går i fella heller — her i denne trøngja er dei vare um seg og sendar spæjarar fyri seg, vi kan lite på dei let mannskape fara i små-hopar herigjenom Rosti.» Det same tykte Imbert Valle og fleire av vagverom, og um dette vart det ein heit og lang strid, Lars Hage med lesjingom og døvrom heldt på Rosti — Tord Hamar, Imbert Valle og vagverane stod ihop.
Da sa Torger Såljeim og Ola Breiden at så lugum stad å løype skottane ned som i Høg-kringom fannst det ikkje i heile dalen, for der låg vegen såleis til, veltune kunde sope lengst-etter vegen ned i elvi. Det same sa Tord Hamar, og lagde til at der vilde skottane fara tryggare fram og knapt vente seg nokon fare eller åtak. «Og så er det betre rom og lende å gå på dei som kjem undan veltom — vi må fara ned i Høgkringan, Lars Hage!» sa Tord Hamar. Alle vagverane stod med Tord i desse, men Lars Hage vilde ikkje gje seg — han var sjølvskrivin førar, og dei heldt just på å skulle uppi Rostlidi og byrje med felling av timber til veltur og lunnar, da det kom sprengjeridande tvo karar etter den låke vegen. Det var Arne Gunstad og Per Randkleiv frå Ringbu. Dei steig av hestane, neva-helsa på Lars Hage, og fekk i ei snarvende høyre det Lars visste um skottane og kva dei her no vilde gjera.
Men da svara båe desse mennane reint ut at Høgkringane var laglegaste staden, «og der vil vi ringbyggjer og frøningar stadne, hit upp vil vi ikkje, for her går det aldri vel. Til imorgon er det minst 200 mann samla i Høgkringom,» sa Arne Gunstad. Etter di måtte Lars Hage og hans bygdamenn bøygje seg — Arne Gunstad og Per Randkleiv reid attende, og Lars Hage, som au hadde hest med, gjorde fylgje. Imbert Valle og Tord Hamar lova å ta liksom føringi over mannskape og koma etter til Høgkringom til kvelds, men fyrst vart dei sette til å rive Rostbrui for å seinke ut tidi for skottom.

Slagstedet Da folke kom ned til Romundgard, vilde dei alle kvile og få seg mat av nisteskreppom. Det var gjestgjevargard på Romundgard og mannen var pligtug å ha fullt upp med øl i kjellaren for alle ferdafolk. No var det mange som vilde kjøpe øl, men Tord Hamar og Imbert Valle hadde bede mannen ikkje leta ein drope. Fleire murra fordi dei ikkje fekk øl, men det såg ut til å gå av med godom. Mannskape skulde um lite brote ut og taka søretter Sellsvollom, men da spurdest det at Jon Kleppe, Mads Kotta og Anders Tolstad hadde brote seg inn i aurbui og der låg 5 tynnor godt øl! Anders Bjørnstad dreiv alt og tappa øl til kven som kom, og tok imot betalinga.
Alle strøymde til aurbui og det vart ei gjerdlaus øldrikking — da det vart forlite med koppar å ha i på Romundgard og sume såleis ikkje fekk noko sette ein stor flokk ned åt Jorundstad' for der låg det au 2 fulle tynnur med øl i kjellaren. Leid over nons leite var mest halve mannskape så fulle, at dei sjangla etter vegjom og sume låg alt i koll-legje. Dei tvo førarane hadde fleire vendur freista tala folke til rettes, men det hjelpte ikkje, og rett som det var slost døvringar og vågverer både inne og ute — fleire «blodvidi» vart gjorde utetter kvelden. Sist fekk Tord Hamar drivi vel att øltynnune og saga toppane av tett ved stavane, og med di vart det slutt på fylli. Tord og Imbert måtte gjeva dag til svartaste natti var farin, da fekk dei endeleg liv i folke og kunde leggje iveg. Men mange låg atter på Romundgard så fyllesjuke, at dei orka ikkje reise seg; millom dei var Anders Tolstad. Han kom heller ikkje etter, da han endeleg sist kom på føterne skakte han på meir øl og låg på Romundgard og drakk i tvo samfulle dagar.

Tyrsdagsmorgon den 25. august umlag kl. 8 kom Tord Hamar og Imbert Valle etter åt Høg-kringom med mannskape sitt. Her møtte dei ringbyggjom og frøningom, og førarane deres og Lars Hage hadde alt set ut korleis veltune skulde leggjast og sett arbeide igang. No vart Tord Hamar beden um å skipa til på beste måten og som han tykte sjøl dei flokkane, som skulde gå på dei skottane som att var, når steinmerrine og lunnane hadde gått. Tord for over lende mange vendur og han for over mannskape og såg på verja dei hadde. Det var eit vandt arbei og han kjennde andsvare. Han visste, at det som galdt mest var, at ikkje skottane fekk tid til å samle seg til sameint mottak, etter at lunnane og steinmerri hadde lopi ned. Og di nest var det um å gjera å setja dei rette folk på den rette staden, uøvde og med låke våpen som mest alle var. Da kvelden kom, trudde han, at det skulde vera så vel skipa, som gjerast kunde, men når han tenkte på den store stundi, kjennde han kaldsveiten brote fram — han tvila ikkje på at døline vilde slåst som karar, um dei berre ikkje kom til å buse på så blindt, at dei skadde seg sjølve.
Minnesmerke
Den hardaste støyten tenkte han seg dei vilde få av den flokken som gjekk ettarst i skottehæren, for han vilde knapt fara ille av steinmerrom og lunnom. Difor sette han av det beste mannskape han fann, til å gjera åtak på dei som han tenkte seg ikkje rokk fram i stein-og timbervelta. Nettup som han hadde skipa frå seg alt og sett dei ymse bondeflokkar kvar på sin stad, kom ein flokk på um lag 20 lomverer, vårdøler og lidbygjer. Dei rokk fram fyrst da og kunde ikkje seja frå, um det kom fleire frå Lom. Halve tale av dei hadde børsur og Tord sette dei imillom det mannskape, som skulde gjera åtak på bakenden av skottehæren. Ovanfor veltune låg umkring 60 mann, dei skulde Gudbrand Bårstad føre; på båe sidur av Høgkringoms-vegen upetter, utanom den breida veltune vilde rekkje over, låg det um lag 100 mann på kvar side. På den eine hadde Imbert Valle føringi, på hi sida ein mann frå Kvikne. Hovudførarane Lars Hage, Per Randkleiv og Arne Gunstad, valde seg kvar ut nokre handfaste menn med gode verjur og fann seg sjølve dei stødi, som dei tykte høvde best. Berdon Segelstad vilde gjeva Jørgen Sinklar dauhogge; dei hadde høyrt at han var føraren og var audkjend med di, han reid på ein svart hest. Berdon lødde børsa si med den sylvhalsknappen han hadde ervt etter far sin og som far hans likeså hadde ervt etter sin far -- ei kule med ervesylv skulde den arge skotten ikkje halde av seg!

Da kvelden kom og alt var tilskipa som best dei alle kunde rekne det ut fyriåt, fekk Tord Hamar lovord av førarom, og Lars Hage sa dei ordi, at dei var velfarne dei hadde ein millom seg, som hadde vore med ute og stått for kulur og krut. «Går det vel med oss, Tord Hamar, skal du ikkje bli gløymt for arbeide ditt,» sa Lars. Tord svara, at her var alle skuldige å gjera det dei orka, kva løni kunde bli, «og som det no er skipa til, trur eg vi skal ha dei innsnørde i meisen til alle leider, berre kvar mann gjerer det dei evlar,» sa Tord.
Heile bondeflokken låg under opin himil um natti, men få var det som fekk ein blund på augo. Tord Hamar sov, for han var frå ufreden vann med å ha livsfaren innpå seg.
Men han var tidleg påferd um morgon og tokst da ei hard beite med Lars Hage og Per Randkleiv um den tilstellingi. dei hadde gjort med den mannen, som skulde ride rangvend på hesten, utpå Storøyi, og dei skyttarane der, som skulde dundre med laust krut. Tord ottast for, at desse rådgjerdine skulde vekke misstru hjå skottom og lett gjort gjera dei så våre, at åtake her i Kringom kunde skjeivast. Men med desse vilde ikkje førarane lyde honom.
Det låg umlag 500 mann samla i Høgkringom ; mange av bøndorn var gamle menn som longe hadde gjort sitt beste, mange var berre framslengjingar — mannskape var ujamt, uvant til å lyde førare og foruta all uppøving. Og verja dei fleste hadde, var stakarsleg greie mot hjullåsgeværi åt skottem. Det som var mest å lite på på bondesida, var at kvar mann vilde våge live og slåst, etter veltune hadde gått, så lenge ei sene leda seg i armom.
Kvar mann låg tilreide med si verju; men det drygdest før skotteheren synte seg. Audun Skjenna, som var gjord iveg for å røkje etter, kom endeleg att som ei utskotin pil og fortalde at skottane no var sørover Sellsvollane komi — dei for i tvo hopar, og fyrste hopen, umlag fjordeparten, for eit langt stykkje fyri; denne fortroppi vilde vera i Høgkringom um ei ørlita rid.
Pillarguri
Det kom ei agande stund for bøndom etter denne meldingi! Det var stilt som i ei grav millom dei 500 menn denne vakre, solblanke morgostundi. Berre Lågen gjekk tung, og med den vanlege, djupe søgen sin, millom dei høge, myrke fjellom. Ikkje ein fugl let seg høyre i Høgkringom denne stundi, men kvar mann kunde høyre sitt eigi hjarte banke i bringa som dei låg der, gjøymde bak einerkjerr, småtall og furuskat, eller bakum steinar og attfor sva og jordrandar.
Dei høyrde fortroppi fara um dei uppetter den bratte stigen, men alle var så våre, for ikkje gjera skottane misstrugne. at ikkje eingong fyrste mannen våga lyfte upp hovude for å sjå etter deim. Men spenningi voks, og hjå mange bar sveitten til å sile etter vangar og hals.

Da læt luren henner Guri Rinddalen frå Selsjordkampen, og dei høyrde så skilligt den gamle velkjømelege hallingen alle kjende — han lyddest i denne stundi som ei liksalme. Men Guri blæs lite i føre lage, for ho såg skotteheren frå sida, og kunde difor ikkje på ein prikk sjå når han kom midt under velta. Skottane svara med ein grusk marsj som dei let upp att fleire vendur. Så bles Guri i luren sin att, og mannen på den blakke hesten synte seg på Storøyi og reid smått søretter. Samstundes small det fleire skot frå øyi — ei ny smelling, og bøndane høyrde skratt og leven nede i vegen. I det same tverrsnudde mannen på Storøyi hesten sin og stod heilande still! Det fylgde på ei utoleleg spenning ein augablunk, og så braka lunnane lause uppi lidi — store steinar kom rullande tett i tett og stokkar kom skjotande og skjeinte nedetter til ymse leidir. Skrida kom med eit brakk og small som det skulde vera domedag og sopte ein breid gjeile av skotteheren beint ned i Lågen! Meire enn trijeparten gjorde skrida ende på, og dei som att var, stod ei lang rid som dei skulde vori nåme, rædsla tok dei så dei ikkje eingong fekk tanken for seg um å verje seg, -- dei venta seg berre ein ny domedag frå uppi lidi. I denne rådløysa braut bøndane fram og det Kringen fall dei lett å leggje dei ned med øksir, sverd og klubbur — dei fall for øksom som råtolli i barskogen. Øvst uppe hadde ein hardleg flokk av skottom berga seg for skrida, dei gjorde kvasst mottak, 2 av bøndom fall og mange fekk harde sår. Men heitast stod striden nede ved vegen der han svinga upp i rette Høgkringane; her var det godt 100 skottar som var sloppi skadeslause frå stein og timber, og da dei såg dei låke verjune bøndane gjekk på dei med, laga dei seg til å verje seg av all magt. Ein kaptein steig uppå ein stein og med kåra i handi bad han skottane samle seg og stå som fjell mot desse verjelause mannhusingar. Men ei kule frå børsa hans Tord Hamar senda han hovudstup ned av steinen, eitt tjuge skot til la kvar sin mann i marki og likemange fall med ei bogepil i hals eller tunnvange. Dei som att var fekk eit så rasande åtak av bøndom, at den eine fall ovanpå den andre og tilslut stod det att berre nokre mann, som kasta geværi og bad um live. Fire av bøndom var fallne og ikkje så få var særde; heile striden vara ein snau halvtime og Tord Hamar kunde sende mannskape uppetter vegen, um det kunde vera noko der å gjera.
Fleire stader var det slåsting på live millom mindre flokkar og mann og mann imillom. Midt i brattaste bakken såg Tord ein dol og ein skotte sleitst for live um eit gevær. Dølen kom med båe beini uppi ei einerkjerr, fall åt morki og laut sleppe gevære, som skotten snøgt hevja tilvers for å leggje det med all si magt i hausen på motmannen. Da small sverde hans Tord over nakken hans så både skotten og gevære trilla ned etter bakken. Dølen bar til å kravle seg upp og Tord skvatt i: «men i Guds namn! er det du, Imbert Bolstad!» Ja, den satans-branden vart meg for sterk, og det var på høg tid du gjorde åt honom,» svara Imbert og sette seg uppgjevin på ei tuve — han åtte ikkje lenger noko verju. Medan Tord stod og desse ordi fall, small eit skot bak honom og ei kule pistra um eine øyre hans. Han bråsnudde seg og såg ein skotte kom laupande med gevære lyfta til slag — han fekk bøygd undan, men den store hanen på hjullåse reiv trøyermi laus ved oksli og flengde stygt heile vinstre armen ned til olbogen.
Før skotten fekk tid til å lyfte gevære til eit nytt slag, låg han med klovin haus på morki. Tord endsa ikkje den skamfarne armen som blødde fælt - han såg Imbert Valle med sine menn stod hardt i det og skunda seg dit. Her stod ei av kvassaste beitom i Kringom og kvar ein av skottom fall, men Tord Hamar fekk eit kolveslag så han heldt på å uveta, og han fekk ei styg flenge etter nakken. Da slage var slutt var det ikkje meir enn med nød han vann halde seg på beini, difor orka han ikkje vera med, da bøndane sette etter fortroppi. Han sjangla nordetter vegen til han nådde folk, fekk vaska blode av seg og stelt med såri i nakken og den sundflengde armen så godt det let seg gjera i ei snarvende. Ein gamal mann i huse sa: «å herre Gud, du har vorte stygt avreidt, stakkars gut!» «Å eg gror snart ihop att, gamle, men skottane har fått sår som ikkje grøest; no tenkjer eg dei, som slapp undan, har fått sitt au.

Men det er kaldt å slagte einannan som ville dyr!»
Tord bad um å få leggje seg på ein benk ei stund og kjerringi i huse let han få liggje i ei seng ho reidde upp åt honom. Han var så trott, at han somna med eitt, endå både nakken og armen verkte, den eine verre enn den andre.


Kringen

Kringen ved Otta i Gudbrandsdalen (nasjonalromantikken???)








oppdatert 26.09.23
Page visited 60655 times
Totalt:
11.952.658  visitors

Dette nettstedet er organisert av VGSkole.no som en ressursbase for elever i videregående skole
This site is designed and created by VGSkole.no for educational purposes


Kontaktinfo







Ny bok!


Forfatter og bok
Bakgrunnsstoff