Oppdatert: 29.09.23
'Børn af tiden' (Hamsun, 1913)

Tanker omkring Adelheid og Willatz Holmsen
Innleiing
Denne teksten er eit noko omarbeidd svar på ei eksamensoppgåve i norsk litteratur.
Eg tillet meg å rekne med at boka er såpass kjend for lesarane at eg kan utelate både eit lengre samandrag og omfattande referansar til originalteksten. Dei tekstreferansane eg har nytta byggjer på "Knut Hamsun – Samlede verker - Børn af tiden, Segelfoss by" – Gyldendal – ISBN 82-05-27540-8

Kort presentasjon
Dei to binda "Børn af tiden" og "Segelfoss by" skildrar korleis eit gamalt, føydalliknande samfunn vert erstatta av det moderne industrisamfunnet. I "Børn af tiden" møter vi to representantar for kvar si side i denne striden, Løytnant Willatz Holmsen og oppkomlingen Holmengrå. Vi ser korleis løytnanten sitt tradisjonelle maktgrunnlag, godet Segelfoss, gradvis vert ete opp av den nye industriherren frå utværet, og at gamle normer og skikkar vert erstatta med nye. "Børn av tiden" har imidlertid også eit anna sentralt tema. Ekteskapet mellom løytnanten og kona, Adelheid, fungerer ikkje som det skal, og Hamsun legg mykje arbeid i å vise korleis ekteskapet vert øydelagt av di ektefolka korkje forstår kvarandre, eller vil nærme seg kvarandre. Isolert sett er dette hovudtemaet i den fyrste av dei to bøkene om Segelfoss.

Adelheid Holmsens personlege eigenskapar og problematikk
Adelheid kjem frå ein god familie i Hannover. Faren er oberst, og han ville venteleg ha vore general dersom ikkje omveltningane i Hannover hadde sett ein stoppar for det. Adelheid kjenner følgjeleg til korleis samfunnsendringar kan omkaste eit trygt og priviligert tilvere. Sjølv om det ikkje vert sagt direkte, er truleg dette bakgrunnen for at ho i det heile finn det nødvendig å flytte med Willatz Holmsen til ein ukjend stad langt nord i Noreg. Adelheid og løytnant Holmsen representerer så ulike mennesketypar at det elles kan vere vanskeleg å fatte korleis dei har funne saman. Løytnanten er skildra som ein særs prinsippfast og viljesterk mann med livsmeininga tufta på tanken om vidareføringa av Holmsenslekta sine ærerike tradisjonar. Framveksten av det nye industrisamfunnet, som gradvis bryt ned løytnanten si aristokratiske verd, maktar ikkje på noe vis å rokke ved rolla hans som autoritet, korkje i eigne eller andre sine auge, og etter kvart som vanskane tårnar seg opp, står han berre striare på dei prinsippa han har funne sentrale i tilværet. På ymse vis kan han samanliknast med furua i stormen. Ho stend like stiv og rak i stormkasta like til ho må gje etter og knekk i ei stormri. Den einaste ulikskapen i denne samanlikninga er at løytnanten knekk ikkje! "En mann med hans stivhet blir stående" (s.9).
Det er altså ein slik mann Adelheid har gifta seg med.
Vi lærer Adelheid Holmsen å kjenne som ei relativt impulsiv og livsglad kvinne med ein utsjånad, veremåte og bakgrunn som ein skulle tru burde gjere henne til eit ettertrakta koneemne i Hannover. Det vert også understreka at folk ikkje forstod kvifor ho hadde gifta seg med ein type som Willatz Holmsen. Vi får imidlertid antyda ei forklaring gjennom skildringa av flyttegodset som Adelheid brakte med seg frå Hannover. Det er høgst sannsynleg økonomiske årsaker som ligg bak valet av Holmsen som ektemann og med det avgjersla hennar om å ”begrave” (s.22) seg nord i Noreg.
Adelheid har liksom løytnanten i seg ein medfødt adeleg veremåte. Ho vert automatisk akseptert som overordna, ikkje berre av di ho er løytnanten si hustru, men også på grunn av hennar naturlege autoritet. Det vert også fleire gonger framheva at Adelheid er intelligent, i tillegg til at ho har ein velutvikla praktisk sans. Dette gjer at ho lett kan setje fingeren på fortidige beslutningar på Segelfoss som ikkje alltid har vore like kloke.
I motsetning til Willatz set Adelheid pris på sosial omgang, og ho har særs lett for å skape ei lett og trivleg atmosfære rundt seg. I selskapslivet er Adelheid venleg, initiativrik og initierer ein levande konversasjon. Utan Adelheid til stades, går ofte samtalen i stå. Løytnanten er ingen ordrik og utadvendt mann. Både heime og i kyrkja gler Adelheid dei nærverande med den praktfulle røysta sin. Ho er særs musikalsk, noko som går i arv til sonen, den unge Willatz. Det er nok også morsrolla som i det heile gjev livet på Segelfoss meining for Adelheid. Ho skjøttar denne rolla på eit framifrå vis heilt til unge Willatz har vorte gamal nok til å greie seg åleine. Fyrst då morsansvaret er fjerna frå skuldrane hennar, trekkjer ho seg attende og døyr, kan hende sjølvhjelpt.
Adelheid er heilt klårt ei følsam kvinne. Ho har klare tankar om korleis eit ekteskap skal fungere og korleis ektefellane skal vere mot kvarandre. Ho har kort sagt ein livsdraum som ikkje løytnanten er i stand til å innfri. Eit døme på slike tankar får vi særs direkte presentert i skildringa hennar av dei engelske ektefolka ho har observert på reisa til England:

”Det var gifte folk. Den ene dag smilede de til hverandre og nikket, de var så enige, de kysset hverandre, talte sammen, ønsket hverandre godnat.
Og den neste dag?
Gjorde de det samme.
Merkelig. Hvad var det for ektefolk?
Det var alle.” (s. 89)

Det er eit slikt ekteskap ho ynskjer å ha med Willatz, noko ektemannens natur og veremåte gjer tilnærma umogeleg. I mine auge er det her vi finn Adelheid sin personlige problematikk. I mangelen på kjærleik, nærleik og lidenskap i ekteskapet søkjer ho mot andre menn som kan gje ho det ho vantar hos sin eigen mann. Det seiest ikkje direkte, men lesaren aner at det kan vere meir enn berre venskap mellom Adelheid og menn som distriktslege Riis og Holmengrå. Distriktslegen får ein klår marsjordre av løytnanten. Holmengrå er det derimot av ulike årsaker ikkje så lett å kvitte seg med, og Holmsen vel å forstå det slik at Adelheid søkjer dit av di ho vil spille flygel og syngje. ”Å vintrene var lange og døde, Willatz gikk fremdeles på skole i England, og Adelheid hun spilte på flygel hos herr Holmengrå” (s.126)
Sjølv om det er Løytnant Holmsen som skildrest som den heilstøpte typen, så er det ingen tvil om at Adelheid langt på veg også har draumar om å realisere ei heilstøypt lukke i lag med ektemannen. Ho prøver, og vert avvist, gong på gong, samstundes med at ho ser det ho trur er truløyse frå mannen sin side med pikene Marcilia og Daverdana. Dei to ektefellane si totale framandgjering for kvarandre og gjensidige einsemd vert meistarleg skildra med anna gjennom rommetaforen. Dei har adskilde delar av huset, deira eigne inngongar med kraftige murtrapper, eigne stuer og eigne soverom. Dei to bustadene vert nær sagt skildra som uinntakelege festningar. Ektefellane er sjeldan hjå kvarandre, og dei møtest definitivt ikkje på soveromma. Inne på sitt eige soverom sit Adelheid og skriv dagbok bak den stengde døra si.
Det vert nesten gotisk kaldt, og ein kan få assosiasjonar til tekstar som til dømes "The Lady of Shalott" av Alfred Lord Tennyson, der den kvinnelege hovudpersonen sitt i tårnkammeret sitt og vev medan hos ser skuggar av livet passere utafor gjennom ein spegel. Kun nokre få gonger kjem løytnanten på døra hennar, men han slippest ikkje inn. For lesaren er det ikkje vanskeleg å skjøne at denne avvisinga kan skuldast sjalusi og mistru grunna løytnantens tenestejentebesøk på rommet. Løytnanten sjølv, derimot, kjem overhovud ikkje på tanken om at nokon kan tenkje seg å trekkje den personlege integriteten hans i tvil. Kva for løynde rom Adelheid fyller ut i dagboka i si einsemd, det veit ingen. Det kunne seiast mykje om desse enkeltscenane, men eg må av gode grunnar fatte meg i kortheit, og eg nøyer meg med å konkludere med å strek under at vi på dette viset får ei framifrå skildring av den skyttargravskrigen ekteskapet mellom Adelheid og Willatz eigentleg er.

I dag vil det vere naturleg å leggje det utvida tekstbegrepet til grunn når ein vurderer litteratur. Dette gjeld også i drøftinga av korleis Adelheid er skildra i høve til det eg har definert som denne romanen sin hovudtematikk. Det er viktig å forstå at "Teksten er et språkfragment som selv er plassert i et perspektiv av mange språk", og at ein "selv praktiserer tekst". I praksis forstår eg dette slik at ein tekst har i seg element frå andre diskursar, og at ein føresetnad for å føle at ein 'forstår' teksten er at ein i han kan sjå slike 'tekstelement'. Ein sentral påstand er at ein kan nærme seg teksten "definitorisk, men også (og kanskje helst) metaforisk". Her kjem brotet med strukturalistisk semiologi klårt fram. Eg oppfattar det slik at "definitorisk" inneber ein strukturalistisk-lingvistisk tilnærming, medan ein "metaforisk" tilnærming krev at ein i tillegg til å inkludere psykososiale aspekt og sosioøkonomiske faktorar, også er seg bevisst den subjektiviteten dette inneber. Ein forenkla talemåte kan vere å seie at ulike mennesker med ulik bakgrunn oppfattar same tekst ulikt. Alle sitata ovafor er henta frå artikkelen "Tekstteori" av Roland Bartes.
I same artikkelen utdypar Barthes heilt sentrale begrep utvikla av Julie Kristeva om "tydingsberande praksis", "produktivitet" og "tydingsprosess", noko som vidare strekar under dei ulike moglegheitene for tilnærming til ekteskapsproblematikken i "Børn av tiden". Eg finn det relevant å inkludere nokre tankar omkring desse sentrale litteraturteoretiske begrepa for å klårgjere korleis mi oppfatning av oppgåva er farga av kva Kant kunne ha kalla "kulturelle solbriller".
Det er heilt sentralt å akseptere at ulike menneske oppfattar same tekst ulikt. Teksten har som "funksjon" å produsere mening. Den utvida teksten kjem fram gjennom møtet mellom språksystemet og andre tekstar. Vidare seiest at tekst er ein "betydningsproduserende" praksis, og at ein tydingsproduserande praksis er eit differensiert teiknsystem som er underordna ein tydingstypologi. Dette er eit hovudpunkt i avsnittet, og det inneber at teksten er organisert som fragment frå andre tekstar i ein gitt setting. Tydinga av ein tekst (signifikatet) kan følgelig oppfattast ulikt frå person til person alt ettersom korleis vedkommande oppfattar dei ulike tekstelementa (signifikantane) som subjektet (hovudteksten) er bygd opp av.
Barthes hevdar vidare at teksten er "scenen for en produksjon der tekstprodusenten og leseren møtes".
I møtet med lesaren vert språket (teksten) dekonstruert og det vert rekonstruert eit anna språk (ein annan tekst) hjå lesaren. Det vil i praksis seie at ein kan tenkje seg at teksten produserer ei endeløyse av nye tekstar straks han startar å arbeide, og at denne produksjonen da sjølvsagt held fram i det uendelege også etter at teksten er skriven.
Eg finn det vesentleg å la ei tilnærming til den aktuelle problemstellinga i oppgåva vere tufta på den post-strukturalistiske tankegongen som er teikna opp ovafor, og eg vil nytte den fridomen som dette gjev meg i den vidare tolkinga av problemstillinga.
Det klårt overordna temaet i dei to Segelfossbøkene, "Børn av tiden" og "Segelfoss by", er striden mellom det gamle, halvføydale bondesamfunnet med dets normer og verdiar, og det framvaksande industrisamfunnets nye samfunnsordningar. Vurderer ein "Børn av tiden" som eit eige verk, kan ein imidlertid med rette seie at hovudtemaet er korleis eit ekteskap havarerer og gjeng til grunne av di ektefellane ikkje evnar å kommunisere, forstå og respektere kvarandre. Slik sett vert tematikken i "Børn av tiden" langt meir allmenngyldig enn dei to bøkene sitt meir tidbunde tema.
Med dette som utgangspunkt fell det naturleg å spørje seg korleis Adelheid vert skildra i høve til denne ekteskapsproblematikken. Hamsun gjev seg såpass med tid til å skildre den kvinnelege hovudpersonen at ho verkeleg framstår som eit reelt menneske for lesaren, noko som gjer det mogeleg å vurdere hennar rolle i ekteskapet med løytnanten.
I ulike omtalar av boka vert gjerne Løytnant Willatz Holmsen skildra som ein heilstøypt hovudperson som er så fast og "stiv" at han vert ståande mens den gamle verda rasar i kull kring han, han er "en jordrot som det gik genialt bakover med" (s.9). Hamsun har mykje til overs for denne mennesketypen, og han teiknar opp eit riss av mannen på eit slikt vis at han lett framstår som ein positivt ruvande skapnad i eit elles kaotisk og fragmentert landskap. Ved sida av ein slik kjempe vert naturleg nok kona si rolle noko redusert, og det kan til tider verke som om ho eigentleg har hovudskulda for dei problema ektefolka har seg i mellom. Dette er i beste fall ei mild overdriving. Ei feministisk litteraturkrikar som Elaine Showalter hevdar at problemet ligg i at mannsorientert litteratur berre lærer oss kva menn har meint at kvinner bør vere og ikkje kva kvinner har følt og opplevd. Ho seier vidare at kritikken sin kommentar har ein tendens til å setje kvinnens status til offer og at sviket si forføring kan nyttast som lovprising av moglegheita som sjenkest ein ved å verte gjort til offer. (Elaine Showalter: "Mot en feministisk poetikk")
Hovudspørsmålet ein kan stille seg er følgjeleg om Adelheid kun fungerer som eit medel som skal tene til å framheve mannen som hovudperson, eller om ho sjølv representerer ein av to hovudpersonar. Dersom det første er tilfelle, kan ein lett plassere Adelheid i ei negativ offer-rolle. Ho fyller ikkje krava menn set til ei hustru ved å avvise ektemannen ved fleire høve. Vidare let ho kjenslemessige og seksuelle frustrasjonar drive henne i armane på andre menn, og ho svik dermed ektemannen. Utsett for desse utfordringane held løytnanten på sin stoiske ro, og framstår dermed som klårt overlegen og med sjølvrespekten i behald. Adelheid, derimot, druknar (seg?) seinare i Berlin full av dårleg samvit. Ei slik tilnærming kunne passe bra dersom ein vurderer dette ekteskapet i lys av det overordna temaet for båe Segelfossbøkene. Det er då ikkje berre den gamle samfunnsordninga som gjeng til grunne, men også alt anna som byggjer på henne. Dermed vil Willatz Holmsen vere den rakrygga, aristokratiske hovudpersonen, medan Adelheid berre fungerer som eit medel for å understreke og forsterke Holmsen sin heilstøypte karakter.
Det er truleg at den dels mannssjåvinistiske samtida kunne utvikle ein slik argumentasjon, men i dag verkar han lite truverdig. Nyttar vi Showalter sine påstandar til å revurdere den stereotype tolkinga ovafor, samstundes som vi ser på "Børn av tiden" som eit sjølvstendig verk, får vi eit ganske anna bilete. Hamsun skildrar gjennom Adelheid ei moderne kvinne som nok også Elaine Showalter ville ha likt å bli kjend med, og som klårt representerer den eine av to hovudpersonar i eit ekteskapsdrama. Adelheid stiller ideelle krav til ekteskapet, og dermed også til sin ektemann. Desse krava maktar ikkje Willatz å innfri, og i ei bok der hovudtemaet er ekteskapet, mistar Løytnant Holmsen alt truverde, samstundes som båe ektefellane endar som taparar.
Alt i byrjinga kjem det tydeleg fram at dei to ektefellane er særs ulike av natur. Adelheid framstår som ein klar kontrast til løytnanten ho er gift med. Kor stor, og dermed kor sentral denne kontrasten er i samanhangen, kjem fram gong på gong i skildringa av alle stengsla som eksisterer i samlivet deira. Ekteskapet mellom Willatz og Adelheid er ein tragedie der båe ektefellane spel kvar si tragiske rolle. Kven som kan skuldast for å vere skuld i den negative utviklinga, skal eg ikkje drøfte her. Det verkar imidlertid klårt at Willatz i sin heilstøypte stordom ikkje har tanke for at einskilde av handlingane hans lett kan feiltydast av hustrua. Eit døme på dette er kortspelet med pikene Marcilia og Daverdana som eg har nemnd ovafor. Nær sagt som ein ibsensk Brand steiler løytnanten ved den minste antydning til kritikk av og mistru til hans personlege integritet. Liksom den unge presten i skodespelet har han stoltheit, kraft, urokkeleg vilje og draumar som driv han inn i undergangen. Berre ei svak kjensle av mistru frå Adelheid si side fører til at han lukkar seg inne i steilt sjølvforsvar. Til tross for misforståingane og mistanken ho nærer skildrest Adelheid som ei kvinne som gong på gong strekkjer ut ei lita hand og prøver å byggje ei bru over vollgrava til løytnantens borg, men utan å lukkast. Adelheid sin tragedie er hennar trong til og von om kjærleik i eit ekteskap med ein mann som ikkje kan elske. I si einsemd der ho sit som bergteken i slottet på Segelfoss, har ho musikk og song som den viktigaste tidtrøyta. Kjærleiken ho ikkje finn heime, fell ho for freistinga til å søkje andre stader. Adelheid viklar seg truleg inn i noko meir enn rein venskap, fyrst med den unge distriktslege Riis, og seinare med Holmengrå. Desse sidespranga til Adelheid sluttar seg fint inn i hovudtematikken ved at dei i hennar eigne auge tydeliggjer den tragiske situasjonen ho er i. Adelheid er ei heil kvinne med høge ideal, og det å handle stikk i strid med sine personlege prinsipp slit henne ned og gjer henne desillusjonert. Den einaste verkelege gleda Adelheid har, er sonen Willatz, og det er fyrst då han er vaksen at ho druknar i Tyskland. Aner vi parallellar til Wenche Løvdahl i denne hustruskildringa? Av ulike årsaker slit båe kvinnene med kommunikasjonsproblem i tilhøve til ektemennene. Båe kvinnene søkjer kjærleik utafor ekteskapet, og båe døyr relativt unge. Wenche innser at ho må velje mellom to like ”falske” alternativ, det kalde ekteskapet med Carsten eller det skjulte løgnaktige forholdet til Mordtmann. Wenche Løvdahl kan ikkje leve i løgn, og ho tar sitt eige liv. Adelheid sjølv døyr ved ei tvilsam drukningsulukke.
I denne drøftinga av Adelheid si tematiske rolle er det tydeleg ein del hendingar eg har vald å tolke noko fritt ut fra eigne assosiasjonar. Eg har lagt tankar om intertekstualitet til grunn for dette, og søkt å fylle dei "tomme romma" Hamsun produserer med eigne tekstar. I artikkelen "Läsprocessen – en fenomenologisk betraktelse" kjem Wolfgang Iser inn på dette. "För att bära frukt behøver den litterära teksten läsarens fantasi", skriv Iser. Eit viktig moment i denne subjektive tekstproduksjonen er naturleg nok forfattarens evne til å unnlate å innfri lesarens forventningar i for stor grad. Kvar lesar må forhalde seg til den same teksten som forfattaren har produsert, men kvar og ein vil sjølv påverkast av dei tekstane som forfattaren har inkludert i teksten, og dermed sjølv automatisk produsere nye tekstar ut frå sine eigne føresetnader. Dei nye tekstane som oppstår ved prosessen mellom forfattarteksten og lesarsubjektet kallar Iser "textens virtuella dimensjon". Oppfatninga av tilhøvet mellom Adelheid og Willatz er eit godt døme på korleis ulike lesarsubjekt vil kunne forme ulike virtuelle dimensjonar. Einskilde lesarar vil lett la seg påverke av løytnanten sin heilstøypte karakter og tragiske helteskikkelse. I deira auge vil Adelheid kun ha som funksjon å forsterke helteskikkelsens tragedie. Feministiske lesarar vil med utgangspunkt i sine illusjonar og forventningar kunne seie at Adelheid har den tragiske hovudrolla. Adelheid representerer den heite, ueigennyttige, reine kjærleiken, og ho stengjer seg inne, både i soverommet og i seg sjølv, av di den steile og uforståande ektemannen nektar henne å leve eit liv i pakt med ideala hennar. Andre lesarar vil skape seg tekstar der dei ytterpunkta som er nemnde ovafor er meir eller mindre slegne saman til eit heile. I all sin ekstremitet ber det ulukkelege ekteskapet mellom Adelheid og Willatz i seg mange aspekt som ein lett kan kjenne att, kanskje enda frå sitt eige ekteskap. Vert det produsert slike assosiasjonar hjå lesarsubjektet, vil vedkommande truleg konkludere med at nykelen til ekteskapeleg lukke må vere openheit og kommunikasjon. Men, Adelheid nyttar sin nykel til å låse Willatz ute, både frå soverommet og frå hennar eigne, løynde rom. "Det er en nøkkel i hendes dør, den vilde hun kanskje ikke miste for en nøkkel av guld, hun pleier å bruke den, å vride den om på indsiden av døren". (s.21)
Adelheid slit med sine brotne illusjonar og lidenskapar i all si einsemd. Ho kjenner seg åleine og framand og stengjer seg inne medan mange slag krefter, draumar og drifter strir om makta i sinnet hennar. 'Nykelen' vert her eit sentralt symbol. Han vert ein konkret gjenstand som i overførd tyding kan løyse opp den spenninga som rår mellom ektefolka. Hovudproblemet er at ingen av dei er i stand til å nytte han til å låse opp dørene som skil dei frå kvarandre.
Det er konsul Fredrik som klårast ser Adelheid sin tragedie då han vitjar Segelfoss. Han klarer å trengje noko inn i eit av Adelheids stengde "rom", og han finn ei varm og impulsiv kvinne. "det viste seg når hun sang og spilte for nogen som hun brydde sig om, da kastet hun nakken bakover og slap en bunden hete løs" (s.54)
På same sida assosierer Fredrik sangen til Adelheid med svanesang, samstundes som fortellaren antyder at "det var som Ave Maria hadde lydt", og Fredrik føler "den dypeste medlidenhet". Både svanesangen og Ave Maria tener her til å produsere tankar om død og gravferd. Hamsun nyttar gjennomgåande svanesang som eit varsel om død, og løytnanten sjølv antyder at Adelheid har "begravet seg levende i Norge, i Nordland, hvor alverden var død" (s.70). Dette er andre gongen gravferdsmetaforen knyttest til Adelheid (sjå s.22). Den djupe medkjensla til Fredrik skuldest at han har skua den eigentlege Adelheid og skjøna at ho på eit vis er levande gravlagt, og så vel kjenner han ektefellane at han truleg veit at denne sjølvbygde grava vil Adelheid aldri kunne kome ut av med liv og helse i behald.
Tilhøvet mellom ektefellane har heile tida vore dominert av løytnanten sitt totale krav til underkasting og sjølvutsletting hjå hustrua. Han har tidleg brote all kontakt med familien hennar i Hannover, og han set seg kraftig i mot at Adelheid nyttar sitt eige familienamn, Moritz, på bornet deira. Den forsiktige kritikken hennar av eigedomssalet til Willatz Holmsen den andre vert med anna oppfatta negativt av di han kjem frå Adelheid sin far, obersten. Dette er nokre få døme på ekteskaplege tilhøve som Hamsun ikkje let Adelheid akseptere. I staden for protest og opposisjon let han imidlertid mann og kone drive frå kvarandre i ein saktegåande prosess der båe partar murer seg inne. For Adelheid er nok den ultimate krenkinga det ho trur er mannens truløyse med tenestejentene. Som lesarar veit vi at det stort sett kun handlar om uskuldig tidtrøyte når pikene Marcilia og Daverdana vitjar løytnanten på romet hans. Dette kan naturleg nok ikkje Adelheid vite, og ho tenkjer seg sjølvsagt det verste. Kva hadde vore resultatet om Adelheid hadde konfrontert løytnanten med mistankane sine? Kva om ho hadde vore sterk nok til å presse han til verkeleg å måtte bøye den aristokratiske, sjølvsentrerte stoltheita si og gjere rede for korleis saker og ting eigentleg hengde saman?

Sluttord
Eg har tidlegare definert temaet for "Børn av tiden" til å vere korleis eit ekteskap havarerer og gjeng til grunne av di ektefellane ikkje evnar å kommunisere, forstå og respektere kvarandre. Dersom Hamsun hadde skildra Adelheid som ei sterk og krevjande kvinne, ville truleg temaet ha endra karakter. Det er vesentleg for det allmenngyldige perspektivet at Hamsun let Adelheid reagere slik ho gjer frå byrjinga av. Det vert ikkje nokon kjapp og heftig eksplosjon fyrste gongen det sker seg mellom partane i ekteskapet, og det er nok også ofte slik i livet elles også.
Adelheid bøyer seg og er ettergjevande, men kvar episode produserer ein murstein i sinnet hennar. Desse mursteinene nyttar Adelheid til å byggje opp murar kring seg, murar som til slutt vert så høge og tjukke at ektemannen ikkje kan rive dei ned. Nykelen til borga ho har flykta inn i, har ho trygt i handa der ho skjuler seg i eit av romma sine.
På dette viset meiner eg Adelheid står i høve til tekstens hovudtematikk. Ho fungerer som den eine hovudpersonen i ein ekteskapleg tragedie tufta på manglande evne til å tale ut med kvarandre, mistru, sjalusi og kjenslemessig einsemd. Det kan sjølvsagt seiest at ekteskapet mellom Adelheid og Willatz på ulike vis symboliserer det gamle samfunnets fall for det nye industrisamfunnet og alt som det inneber. Eg har altså valt å gje tematikken eit langt vidare perspektiv. Brytninga mellom det gamle og det nye var ei tidbunden hending som for lengst er avslutta.
Ekteskapsproblema mellom Willats og Adelheid Holmsen representerer noko tidlaust og allmenngyldig. Etter mi meining har Hamsun lukkest særs godt med å skape to truverdige mennesketypar som fungerer bra i høve til temaet.
Sjølv om historia om Willatz og Adelheid er skriven for hundre år sidan og hovudpersonane er plasserte i eit gamaldags og til dels patriarkalsk samfunnssystem, vil eg tru mange ektefolk kan ha stort utbytte av å lese denne boka også i dag!








oppdatert 29.09.23
Page visited